Vi beklager å måtte meddele at det etter alt å døme går mot ei utsetjing av 1. runden i Vestkysttouren i Solund i palmehelga. Koronaen har satt nasjonen og dermed også Solund i ein unntakstilstand. Dette er synd, sjølvsagt først og fremst for alle dei som vi no gjer ein nasjonal og solidarisk dugnad ovanfor. Det skulle berre mangle. Men det er jo synd også fordi det er ei så brei og god påmelding til denne touren i år. Og fleire påmeldingar var på gang, og vi har gledd oss så sinnsjukt til gjennomføringa og til å vera vertsskap for den første touren i år.
Utsetjinga kjem seg naturleg nok av dei strenge restriksjonane som er satt for både for oss fastbuande i Solund, som nærast har fått eit utreiseforbod frå kommunen, og fordi dei som kjem tilreisande til Solund vil sannsynlegvis ende opp i omfattande testing og ei lite ynskjeleg karantene. Einaste trøysta er at i Solund så er det pr. dags dato ikkje smitta personar.
Kan jo halde døra litt på gløtt enno, i fall den nasjonale strategien skulle leggast heilt om, men vi ber alle gå utfrå at dette arrangement vert flytta fram til sommaren / hausten. Dei som har betalt påmeldinga, får sjølvsagt pengane tilbakebetalt. Dette avtaler vi direkte med dei det gjeld.
NB! Ikkje meld dykk av denne touren. Då kan vi nemleg sende ny informasjon til dykk alle som står på lista, så snart vi veit kor lenge restriksjonane varer, og ny dato for touren i Solund er bestemt.
Lev vel alle saman !
Kjell Mongstad
kjell.mongstad@gmail.com
Vestkysttouren 2020 → Solund | 4. April